For sal - Myrlekvelven

Oversikt over hyttefelta. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Gullingen Utviklingsselskap AS har for salg frittliggande sjøleigartomter utan byggeklausul. Dette er naturtomter med fin utsikt i den store og solrike kvelvinga mellom Mosvatnet og Stavastølen.  Kvelvinga kan  i grove trekk delast i tre geografisk delområde. Eldåsen som ligg nærast Mosvatnet, Småliane ligg i aust, medan Myrlekvelven omfattar den øvre delen mot Stavastølen.

Vatn og avløp

Suldal kommune har stått for utbygging av vatn- og avløpsleidningane og skal drifta desse i kommunal regi. Kommunen har vedteke eit eige gebyrområde for Mosvatnet/Gullingen.

Prisar

Tomteprisar frå kr 650. 000,-  inklusiv kommunalt tilknytningsgebyr for vatn og avløp. 

Tomtene 

Tomtegrensene er til ei viss grad styrde av topografiske forhold slik tomtene varierer frå 370 m2 til 1100 m2. 

I tomtekjøpet inngår:

  • parkeringsrett for to bilar på opparbeida parkeringsplass under Eldåsen 
  • vatn- og avlaupsleidningar fram til tomtegrense
  • tilknytingsgebyr for vatn og avløp
  • straumframføring fram til tomtegrense 
  • oppmålingskostnader og frådelingskostnader  
  • salgs- og meglarkostnader

​Kartet gir ei oversikt over tomtene. I terrenget er tomtene markert med ei trestikke påført tomtenummer. Nå er kun tomt 23 ledig for salg. 

Last ned

--> Arealstorleik og koordinatdata for alle tomtene
--> Reguleringsplan for Gullingen/Mosvatnet, Reguleringsbesemmelser
--> Plankart (8mb, pdf)

hovudkart